STEMMEG?
Dette bildet er ein del av ein bildeserie som kan vinne ein eksklusiv separatutstilling i Oslo. No treng eg di stemme!

Klikk her for å sjå heile serien og gi fem stjerner fram til 17.mai.
http://debutantutstilling.interfoto.no/?p=1433

PS. stemmefunksjonen kan ta litt tid å laste inn.

Sunde i Førde, 12.april. Kristian fekk være med far Terje (i bakgrunnen) på hogst, kløyving og emballering av ved. “Eg har vore med to gongar før!” seier den stolte seksåringen og antydar dermed at han ikkje er heilt førstereisgut. Foto: Bent Are Iversen

Det interkommunale selskapet Fida Billag sin verkstad blir TruckNor Firda Billag. Foto: Bent Are Iversen

Rock på bygda vert lett einsamt. Øyvind spelar i rockebandet “Drusar”, oppkalla etter det sunnfjordske uttrykket for å få seg en skikkelig smell på kjeften. (Tidlegare heitte dei “Impedansebande”, men sidan sunnfjordingar som kjent ikkje forstår ironi så kom det mange på konsertane deira og forventa dansebandmusikk.) Foto: Bent Are Iversen.

I Årdal har dei gravd ut ein seks kilometer lang tunnel som skal leie vatn frå fjellet og ned til kraftverket. Foto: Bent Are Iversen

Djupt nede i båten “Deep Energy” som ligg til utrusting i Florø. Båten er nesten femti meter frå botn til topp. Nede i brønnen i forgrunnen skal det monterast en rørtrommel på 3000 tonn.
Deep Energy har for øvrig vore i agurken før.
Foto: Bent Are Iversen

KVEN ER DENNE KAREN? I Dale vert dei sett ofte, der dei spaserer rundt i fullt orange arbeidsantrekk, hjelm, fjellklatrarutstyr og redningsvest. Dei bygger den hundre meter høge brua over Dalsfjorden, eit prosjekt som lokalbefolkninga har venta på i over 30 år. Men derimot er det få eller ingen som kan kommunisere med dei, då dei aller fleste er frå Slovakia og snakkar lite eller ingen engelsk eller norsk. Firda har møtt dei og sett kva dei held på med.

  • Dalsfjord-doserane — Bruanlegget på nordsida av fjorden. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Stålbindarane har laga enda en bit i den store konstruksjonen. Den skal fraktast med ferge fram til bruanlegget. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Utgangen av tunnelen som vart byrja i 1974 og avslutta i 2012. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Sjefen Martin sjekkar at det heilgrilla kalvelåret har det bra. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — “Projekt Norwegen”. Ladislav på brakka. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Svenske Martin er site manager. Her ventar han på skjærbårdsjeepen som fraktar folk over fjorden. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Den gamle fjellsidegarden fekk brått heile sivilisasjonen inn på tunet. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Raimer på veg tilbake til Dale etter eit skift. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Jozef “Disko” på bruanlegget. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Jozef og Peter kosar seg på kroa – på bedrifta si rekning. Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Jozef stålbindar Foto: Bent Are Iversen
  • Dalsfjord-doserane — Karol ser ferga kome til dale. Når bruprosjektet er ferdig vil ferga verte innstilt. Foto: Bent Are Iversen

Kast ikkje paraplyen heilt enno

Gode, gamle Meteorologisk institutt held pinleg nøyaktig statistikk over noko som nordmenn bryr seg mykje om – nemleg været.
I følge yr.no skal det småregne i minst to veker til, med temperaturar som varierer mellom 5 og 8 grader.
Frå målestasjonen på Tefre i Førde får vi vite at det har kome 3224mm nedbør sidan same tid i fjor. Det langt i fra “moot normalt”, faktisk er det godt over ein meter meir enn normalen. Dessutan er det berre såvidt under “verstingen” Brekke i Sogn som held Noregsrekorden for våtaste stad.Mest nedbør var 22.mars i fjor, då kom det 80mm drikkevatn deisande ned. Ikkje spesielt varmt var det heller – den gennomsnittelege temperaturen sidan same tid i fjor er 7.8 grader celsius.

Ordet paraply kjem av det franske parapluie, som igjen kjem av italiensk parare «verne mot», og fransk pluie «regn».
Dagens samanleggbare utgåve vart patentert av Bradford E Phillips i 1928, men liknande variantar hadde eksistert i hundrevis av år før den tid , og kinesarane hadde truleg funne opp .
Blant fremadstormande oppfinnarar er paraplyen eit ynda mål for forbedringar. Paraplyrelaterte patentsøknadar er så vanlege at berre det amerikanske patentkontoret har registrert tre tusen aktive søknadar. Ikkje alle er like ubrukelege. I nederland har dei funne opp ein paraply som kan motstå vindstyrkar på opp mot 100 km/t. Den fekk fleire designprisar, men korvidt den er brukande i Solund eller Florø vert det ikkje sagt noko om.
I dag vert dei fleste paraplyar overraskande nok laga i kina, og berre i byen Shangyu skal det finnast meir enn tusen (!) paraplyfabrikkar.
Den franske presidenten Nicolas Sarkozy har fått laga ein skotsikker paraply, laga av kevlar og til eit femsifra eurobeløp. Det kan være nyttig, for paraplyar kan og vere skadelege: I 1978 dør ein russisk avhoppar på mystisk vis i London. Scotland Yard kom fram til at mannen vart forgifta, og at det truleg var KGB som stod bak. Vapenet var ein paraply med gift-tupp!

  • 4,0mm: Naustdalsvegen 27.februar
  • 18,1mm: Naustdalsvegen 29.februar
  • 7,6mm: Hafstadvegen 12.mars
  • 45,3mm: Vievegen 9.mars
  • 0,0mm: Angedalsvegen 5.mars
  • 4,0mm: Angedalsvegen 27.februar
  • 0,1mm: Øyranevegen 6.mars
  • 4,0mm: Hatlehaugen 27.februar
  • 45,3mm: Hatlehaugen 9.mars
  • 7,6mm: Langebruvegen 12.mars
  • 7,6mm: Langebruvegen 12.mars

AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen

Følgt av 71 medlemmar.

Om det Artige, Generelle, Uinteressante, Rare og Kjedelege (AGURK). Til motsetnad frå det Aktuelle, Viktige, Informative og Sensasjonelle (AVIS).

Bildene må ikkje nyttast i andre samanhengar utan avtale.
COPYRIGHTED CONTENT. IMAGES MAY NOT BE USED IN OTHER PUBLICATIONS WITHOUT PERMISSION. Meir om sona

Origo AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen er ei sone på Origo. Les meir
Annonse

Nye bilder