Sommarkunst frå Vågsøy

MAUR

Plutseleg hadde det landa ei maurtue på taket av bilen min.

APOLLO

Stolt skute

TAK

Hustak fascinerar meg. Lyktestolpar som står rett opp likeså.

FRISBEE

Frisbee, eller iallefalle runde frisbee-boomerang-kastedingsar er ut. Grave holer i sanden og sjå havet sakte ete den opp derimot, er ein klassikar.

HOL

Kven har laga desse holene? Og kven skal bu i dei?

BUSKAS

Buskas er alltid like spennande. Snu dataskjermen på hovudet, så ser dei ut som lynnedslag.

STRAUM 2

Straumledningar. Eller var det telefon?

MEININGAR

Fargerike meiningar om skulen.

REFVIK STADION

Eg likar den svarte, lange dingsen som kjem ned der midt på veggen.

CAMP

Campingvogna må fiksast.

STRAUM 1

Straumpåler. Dei fortel noko om korleis samfunnet er sett saman der du står.

BRENNE

Manetar i havet. Svømming berre for tøffingar.

TURISTAR

Turistar kan óg finne rare ting interessant.

SOL

Speglar seg i sjøen. Det er sommar, det.

DØR

Eg har alltid lyst å opne dører og sjå kva som skjuler seg bak. Spesielt på gamle båtar.

MODERNE

Berre ein vegg.

RUR

Sånne små dyr og buskevekstar som festar seg på ting som ligg for lenge ned i sjøen. Spennande.

STILLEBEN

seks pallar, nokre bildekk, ei pantemaskin og ein fargerik frysar.

BÅT

Litt på snei.