Agurken flyttarAgurken har diverre tørka inn. For å nå eit breiare publikum, større bileter og betre funksjonalitet byttar eg no til engelsk (så godt det let seg gjere) og publiserer fra no av mine personlege bilder på: boredinthefjord.no Millom Bakkar og Berg ut med Havet heve Nordmannen fenge sin (Bilde: Tenning av julegran på Raudeberg i Vågsøy førre laurdag. Dette er Mus. Han er ein tøyrotte, snart fire år gammal. Han har vore til Amerika tre gonger og i vaskemaskina sikkert hundre gonger. Han manglar eit øyre og det meste av innmaten, og pelsen er pjuskete. Han har vore mista tallause gonger: På flyplassar og Flåmsbana, i sandkasser og leikeplassar, på gata og i alle slags butikkar. Han har til og med komme seg ned i bosset og nesten til Hesjedalen. Dramatikken er like stor kvar gong han forsvinn, og gjensynsgleda minst like stor når den jamgamle eigaren får bestekosen att. Dei gamle kulturane i Mellom-Amerika var svært opptekne av rørslene til sola, stjernene og månen. Dei reiste enorme og imponerande byggverk for å hylle himmellekamane. På særskilde merkedagar i løpet av året fall lyset då på heilt spesielle måtar på utvalde stadar. Ved å studere korleis skuggane fall på desse byggverka til forskjellige tider, kunne dei lage svært nøyaktige kalendrar. I Naustdal derimot, er det rett nok sjeldan ein ser korkje sol eller måne, men nøyaktig tre veker etter haustjamndøgn så såg det faktisk slik ut under riksvegbrua. Det er då noko. Foto: Bent Are Iversen Det er mørke natta. Stilt i dalen. Brått anar ein nokre tonar i det fjerne. Dei kjem att. Dei kjem nærmare. Og nærmare. Og nærmare! Da DA ta da… Da DA ta ta… DA dada-dada dada-dada DAAAA da! Dei underleg velkjende tonane gjallar ut over den mørke dalen og skrålar med ekko. Så blir det stilt att. Mistenkeleg stilt. Før dei dukkar opp på ny, ein helt annan plass, enno nærmare. Lyden er så høg at det stikk gjennom tjukke veggar og heilt inn i hjernebarken. Brått blir det stilt att. Så er det der igjen! Som eit tivoli i sakte fart som held deg fanga i fleire timar. Av alle skumle ting i natta er isbilen den desidert skumlaste. I alle fall dersom du spør min tre år gamle son, som bokstaveleg tala blir stiv av skrekk kvar gong den dukkar opp. Foto: Bent Are Iversen (VENSTRE)HANDARBEID?: Samtidsarkeologi: å oppdage spor etter nær, men like fullt gløymt fortid. På funnstaden, ein stad på Øyrane i Førde, ser vi eit nesten komplett sett med duskemokkasinar, tennissokkar og runde solbriller med skylappar i skinn. Truleg har det opphaveleg høyrt til både steinvaska dongeribukse, kvit skjorte og skinnvest. Det ikkje godt å fastslå om settet har vore brukt til kvardags eller fest, men truleg begge deler. Settet er datert til ein stad mellom då Bobbysocks vann Grand Prix og OL på Lillehammer. Foto: Bent Are Iversen Har Førde fått eigen madrassa? AGURK. Av Fotojournalist Bent Are Iversen
Følgt av 69 medlemmar.
Om det Artige, Generelle, Uinteressante, Rare og Kjedelege (AGURK). Til motsetnad frå det Aktuelle, Viktige, Informative og Sensasjonelle (AVIS). Bildene må ikkje nyttast i andre samanhengar utan avtale. ![]() Annonse
| |||||||||||